Namnet skal vere STIFTELSEN ARKIVET.
Stiftelsen skal ha sete i Kristiansand.
Formålet med stiftelsen er å eige og forvalte det tidligare Statsarkivet i Kristiansand som blei brukt som hovudkvarter for Gestapo underokkupasjonen. ( det einaste bygg i landet som kan tilbakeførast til sin bruk under krigen 1940-45 ), for å innpasse bygningen i ei informasjonssenter om okkupasjonen og krigstida 1940-45, og et utdanningssenter for framtidsretta fredsarbeid og konfliktløysing.Siktemålet er å få til eit nært samarbeid med tilsvarande interesseorganisasjoner og sikre eit godt samarbeid med alle delar av utdanningssystemet.Stiftelsen skal drive og førestå vitskapleg forsking på dei aktuelle fagområda.
Stiftelsen har ein grunnkapital på kr 200 000. Grunnkapitalen skal vera urørleg, og minst ein tidel av den årlege avkastinga skal leggjast til kapitalen
Stiftelsen skal ha eit styre på 6 til 8 medlemmer med personlege varamedlemmer, valde for 2 år om gangen. Styret skal representere både offentlege og private interesser i landsdelen og utgjere ei fagleg og historieinteressert gruppe som kan gjennomføre formålet. Kristiansand kommune, Vest-Agder og Aust- Agder fylkeskommunar oppnemner kvar eit medlem til styret, og rådet oppnemner eit til tre medlemmer til styret, alle med varamedlem. Staten ved Utdannings- og forskingsdepartementet oppnemner eit medlem, med varamedlem, til styret. Venneforeningen oppnemner eit medlem, med varamedlem, til styret Styret har ansvaret for drifta av stiftelsen og skipar til passande sekretariat og tilset dagleg leiar. Dagleg leiar tilset anna personale i samrå.
Stiftelsen skal ha eit råd på inntil 25 medlemmer. Valet gjeld for 2 år og rådet vel sjøl formann og nestformann. Rådet skal representere offentlege og private interesser i landsdelen og i landet elles, og setjast saman slik at det har fagleg breidd og ideologisk engasjement i samsvar med stiftelsen sitt formål. Styret syter for første konstituering og stiller sekretærhjelp til disposisjon gjennom sekretariatet.Rådet fastset vedtekter for stiftelsen.
Rådet har elles desse oppgåvene:
Rekneskapen skal fylgje kalendaråret. Årsmelding og revidert rekneskap skal leggjast fram for rådet til godkjenning. Styret tilset revisor.
Tilskot til vitskapleg forsking skal disponerast i samsvar med denne føresetnad ved ei eventuell oppløysing av stiftelsen.
24/8 – 1998.
Osmund Faremo